Velkomen til H. L. Muri AS - senteret i Valldal!
H. L. MURI AS er ei tradisjonsrik handelsbedrift som i 2011 fyllte 130 år.
I dag er det fjerde generasjon i familien Muri som driv firmaet, men femte generasjon er også med i drifta. Senteret ligg sentralt i kommunesenteret Valldal i Norddal kommune rett ved ferjekaia og midt mellom Trollstigen, Tafjord og Geiranger.
SPAR VALLDAL har eit stort utval av daglegvarer, frukt og grønt og brødvarer og har også eigen ferskvareavdeling. I SPAR-butikken finn du også medisinutsal for Vitus Storfjord Apotek og vi er kommisjonær for Norsk Tipping.
SPAR VALLDAL hadde i 2011 ei omfattande oppgradering med nytt utstyr og ny vareplassering og framstår no som ein svært moderne daglegvarebutikk.
MURI har avdelingar for gåver, tekstilar, leiker (YES! vi leker) og møblar, tepper og hagemøblar.
Vi ønskjer alle velkomne til hyggeleg handel hos oss - på senteret i Valldal! Oppdatert 01. feb. 2012




